Forside:Sunnfjord

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: HordalandSogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Askvoll • Bremanger • Fjaler • Kinn • Sunnfjord

Om Sunnfjord
Sunnfjord er det midtre av dei tre distrikta i tidlegare Sogn og Fjordane fylke, som frå 1. januar 2020 tilhøyrer Vestland fylke. Det består av kommunane Sunnfjord, Fjaler, Askvoll og den nordre luten av Kinn kommune (gamle Flora kommune). Bremanger vert dels rekna til Sunnfjord og dels til Nordfjord. Landskapet var tidlegare eit futedøme, Sunnfjord futedøme.

Distriktet ligg under Fjordane tingrett, som er under Gulating lagdømme. Det tilsvarar Sunnfjord prosti under Bjørgvin bispedømme i Den norske kyrkja.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Familien Tjønneland i 1933.
Elling K. Tjønneland (fødd 29. januar 1881 i Gaular, død 19. februar 1960 i Skjåk) var folkeskulelærar i Skjåk frå 1904 til han gjekk av med pensjon i 1951. I sine haldningar og gjennom si verksemd i og utanom lærargjerninga svara han godt til dei gjengs førestillingane om den typiske vestlandslærar. Han ivra for fråhaldssaka og målsaka, og var elles aktiv i skulepolitikk, helsearbeid og ungdomslagsarbeid. Hans arbeid for nynorsk skulemål skaffa han ikkje berre vener i bygda. Under okkupasjonstida var han ein frittalande antinazist, og han var aktivt med i den organiserte sivile motstandskampen. Han var fødd og oppvaksen på gardsbruket Tjønneland (også kalla Stølen eller Knutsstølen) i Viksdalen sokn i Gaular. Det var eit lite, veglaust og tungdrive bruk som ligg 570 meters høgde over fjorden. Foreldra var Knut Sørensson Tjønneland (1832-1917) og Olina Ellingsdotter (fødd Hellebust, 1842-1903). Elling var den sjuande av ein syskenflokk på ni. Tjønneland tok lærareksamen ved Volda lærarskule i 1903. Etter eit vikariat i Horte og Håland krinsar i Landvik (nåverande Grimstad kommune), kom Tjønneland til Skjåk hausten 1904. Der var han lærar samstundes i Øygard og Gjeilo krinsar fram til 1916.   Les mer …

Harald J. Aarseth
Foto: Norske skolefolk (1952)
Harald J. Aarseth (fødd 28. juni 1898 i Vevring i Sunnfjord, død 23. juni 1974) var lærar.

Han var son av Jakob M. Aarseth og Olina Johnstad. Som toåring vart han i folketeljinga 1900 ført på Solberg i Vevring. I 1910 finn vi så familien i Strandgaten 154 i Bergen, der faren var kolformann sjå Nordre Bergenhus Amts Dampskibsselskab.

Etter lærareksamen var han vikar i krinsane Skorven og Rørvik (1927-28). Frå 1929 var Aarseth tilsett ved skulane Grytten og Steindal i heimbygda Vevring, i noverande Sunnfjord kommune.   Les mer …

Eldevik sin 80-årsdag. Han sit til venstre, medan vi ser sønene Sigmund og Leif bak til høgre.

Lars Eldevik (fødd 17. juni 1860 i Davik i Nordfjord, død 4. desember 1952) var lærar og lokalpolitikar, engasjert i mellom anna landsmålssak, ungdomslagsarbeid og lokalhistorie. Han verka lengst i Davik, der han var ordførar i to år, og på Nes på Hedmarken. Han vaks opp på garden Eldevik i Davik, i noverande Vågsøy kommune. Foreldra var bonde Jørgen Larssen og Marthe Aleksandersdatter.

Lars Eldevik vart gift med lærarinna Sigrid Samsonsdatter Midnes (1857-1928) frå Ullensvang. Kona var dotter av Samson Larsen og Synneva Larsdatter. Lars og Sigrid Eldevik fekk sønene Sigmund (1888-?) og Leif (1890-1959).   Les mer …

Asbjørn Olai Aamot
Foto: Norske skolefolk (1952)
Asbjørn Olai Aamot (fødd 26. september 1901, død 8. juli 1974) var lærar og fråhaldsmann.

Han var son av bonde Anton Aamot og Olina f. Solheim. Dei dreiv garden Sletten i Askvoll kommune i Sunnfjord. Asbjørn Olai Aamot tok eksamen ved Volda lærarskule i 1925.

Aamot var fyrst vikar på ymse stader i fire år, før han i 1931 vart tilsett som lærar i Eikefjord i noverande Flora kommune. Han arbeidde fyrst i krinsane Barlindbotn og Grov, deretter i Barlindbotn og Tonheim.   Les mer …

Elias Melvær

Elias Melvær (fødd 1. mai 1848 i Askvoll, død 21. september 1924 i Bergen) var lærar, politikar og pionér i målreisinga i Sogn og Fjordane. Melvær var son av gardbrukar og fiskar Abraham Wilhelmson Melvær og Anne Arnesdotter Einen. Han voks opp på garden MelværBulandet i Askvoll i Sogn og Fjordane. Melvær gjekk Stord seminar og tok eksamen 1869. Same året vart han lærar i Kjølsdalen i Davik (no Eid kommune) i Nordfjord, og etter to år fekk han i 1871 ein lærarpost i Grimelid i Askvoll. Her var han i tre år før han 1874-76 var allmugeskulelærar i Florø.

I 1876 vart Melvær tilsett som lærar på den nyskipa Fjordenes amtsskole i Gloppen. Han følgde med amtsskulen då han flytte til Innvik i 1886 og vidare til Florø i 1892. Etter 24 år som andrelærar slutta han då skulen flytte til Nordfjordeid i 1900.   Les mer …

Johan K. Thuland
Foto: Ukjent.

Johan Knutsen Thuland (fødd 1862 i Fjaler i Sunnfjord, død?) var lærar, klokkar og norskdomsforkjempar. I ein tjueårsperiode budde og arbeidde han i Skjåk, og er der saman med Hans B. Osnes kjend som den fyrste typiske vestlandslæraren i bygda. Dei stod for venstrepolitikk, målsak, frilynt ungdomsarbeid og fråhald.

Thuland var fødd på garden Tuland i Guddal i det som den gongen var Ytre Holmedal prestegjeld og herad, i dag Fjaler kommune. Foreldra var Knut Hansson frå Tuland og Marta Eriksdotter frå Langeland (fødd 1818). Dei hadde gifta seg i 1841, og var brukarar på Nordre Tuland. Produksjonsoppgåvene i folketelinga 1865 viser at det var eit heller lite gardsbruk, med to kyr.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Sunnfjord
 
Andre artiklar